
På årsmøtet og tamburkvelden på mandag (kl. 19.30 på rom 404 i Bergen Kulturskole, Strømgaten) vil me syne fram nokre av dei gamle trommene frå Sund på Sotra.
Lauget vart stifta 6. februar 2011 og har som føremål å fremje den norske trommeslåttradisjonen
Tamburtrommer til salgs.
No har ProPerc i Bergen fått inn tamburtrommer, og ikkje berre det; er du medlem i Noregs Tamburlaug får du dei til ein ekstra hyggjeleg pris!
Du finn dei på http://www.musikk-miljo.no/slagverk/trommer/slaattetrommer-renessanse-middelalder
Årets årsmøte vert halde i rom 404 på Bergen Kulturskole, Strømgaten 19 den 9. mars 2015. Gamle og nye medlemar er hjarteleg velkomne.
På båttur med jobben frå Hardanger til Os gjøno Lukksund. Rakt gjennom tamburland. Da e so slåttane driv mot meg frå kvart eit nes og kvar ei vik. Passerar Mauranger, Varaldsøy, Lukksund, Tysnesøy, Strandvik, Fusa og Samnanger og legg til i Os. Ei god kjensle, å vete at me kan få ta vare på den gamle kulturen.
Ho er ikkje heilt ferdig enno, men me har kome godt i gang. Følg med, her vil det skje mykje god utvikling vidare. Me planlegg mellom anna eigne medlemssider. Har du ynskje og innspel, så er planen at du skal kunne melde det på desse sidene. Me tek også imot e-post på post@tamburen.no.