Om oss


Velkomen til Noregs Tamburlaug sine heimesider.
Me kan kontaktast på eller på mail til kvar einskild i styret.

NTL har som føremål å fremje den norske trommeslåttradisjonen.
I fleire hundre år har tromma hatt ein viktig plass i norsk brudlaupfeiring. Med sine slåttar(!) og signaler har tamburane vergja brura mot vonde makter på vegen til kyrkja for så saman med kjømeister og spelemann å styre dei ymse stega i brudlaupsfeiringa.

Tamburane var oftest trente i militæret – sidan 1628 hadde alle kompani ein tambur til å spele signal – men det fanst også tamburar som hadde lært å spele slåtter hjå andre. Desse vart gjerne kalla brudlaupstamburar.

Me har spesielt ein mann å takke for at tradisjonen ikkje er gløymt. På starten av det 20. århundre reiste Johannes Sundvor, sjølv opplærd som tambur og hornblåsar i militæret, rundt i Hordaland og Sogn der han vitja dei gamle tamburene og skreiv ned slåttene deira. Då lydfesting vart mogeleg på slutten av 20-åra gjorde NRK eit opptak der Sundvor spelte ein del av dei slåttane, marsjane og signala som vart brukte i tradisjonen. Utan desse bidraga hadde slåttetrommetradisjonen i Noreg truleg vorte gløymd!

Nemnast må også Eirik Sundvor, sonesonen til Johannes. Han lærte tradisjonen hjå Olav, faren sin, og har teke vare på notane, instrumenta og kjennskapen til den gamle spelemåten. Eirik er no æresmedlem i Noregs Tamburlaug.