Tamburkveld januar 2015

DSC_1217 - KopiFyrste tamburkvelden i 2015 vert halde
Måndag 5. januar kl 19.30
i rom 404 på kulturskolen i Strømgaten, Bergen,
Tema for kvelden vert mellom anna å vøle ei tamburtromme med sprukke skinn, det vil seia både å leggje eit nytt skinn på ring og å få det heile på tromma.

Tamburkveld

På nytt held me tamburkveld for medlemar og andre interesserte.
Mandag 13. okt. kl. 19.30 treffast me på rom 404 på Bergen Kulturskole i Strømgaten.
Ta med tromma og ein ven, så spelar me gamle og nye slåttar og marsjar og spør siste nyhende.

Basler trommel fachbegriffe

Tamburkveld

Me vil ynskje velkomen til den første tamburkvelden i Bjørgvin i haust. Me møtest torsdag 11. sept. kl. 19 på rom 404 på Bergen Kulturskule i Strømgt.Tromme fra Kalmarunionen (1389_97 - 1521)

Tamburland

På båttur med jobben frå Hardanger til Os gjøno Lukksund. Rakt gjennom tamburland. Da e so slåttane driv mot meg frå kvart eit nes og kvar ei vik. Passerar Mauranger, Varaldsøy, LukksundDSC_0863, Tysnesøy, Strandvik, Fusa og Samnanger og legg til i Os. Ei god kjensle, å vete at me kan få ta vare på den gamle kulturen.

Velkomen til vår nye heimeside.

Ho er ikkje heilt ferdig enno, men me har kome godt i gang. Følg med, her vil det skje mykje god utvikling vidare. Me planlegg mellom anna eigne medlemssider. Har du ynskje og innspel, så er planen at du skal kunne melde det på desse sidene. Me tek også imot e-post på post@tamburen.no.