Tromba av Johannes Sundvor

Folkemusikken hev ymse instrument. Me kann nemna gigja (fela), langeleik, tromba, lur, siljufløyta o. Fl. Det me her skal stogga og tala um er tromba, serleg med tanke på brudlaups- og fest-tromba. Det er det med henne, at i motsetnad til andre musikkinstrument kann ho berre gjeva kjensla for høgtidsstemning. Men til attergjeld er ho til festbruk so mykje meir framifrå utandørs enn noko anna solo-instrument. Ser me burt frå ymse einskilde tonefylgje i syrgjemarsjar for musikkorps, gjev ho ikkje rom for tungsame ting. Ho tolkar soleis aldri sorg. I gilde derimot aukar og tviaukar ho festhumøret. Ho er som skapa til brudlaups- og gildestemnor, som er alltid å rekna for utandørs-instrument. Innandørs er ho for mykje høgmælt. Vakrast er ho på litt fråstand – lat oss segja frå ein halv til tvo-tri kilometer.
Umgripet ”tromba” er vidtfemnande, og difor skal me her koma noko nærmare inn på kva slag det er me meinar. Ho hev upphavet sitt i urgamal tid. Fram igjennom tidene hev ho havt skiftande lagnad etter dei ymse folkeslag som hev nytta ho.
Europeisk trumba skriv seg truleg frå den gamle romartidi og er noko so nær synonym med den norske (svenske og danske). Kvar ein kom i Europa var typen den same. Fyrst i seinaste tid hev ho teke skapnad etter karakteren av dei ymse serbruk ho vert laga til, so som til marsjbruk, for janitsjarmusikk eller til orkester. Jamvel for jass hev det vakse fram ein ny type. Um desse siste typer lyt nemnast at dei er ikkje å rekna for solo-instrument, ikkje sjølvstendige på nokon måte, men er berre til for å gjera blåse- eller strykemusikken myrk og larmande.

Me vender oss no attende til brudlaups- eller fest-trumba, den trumba som høver til soloinstrument. For deim som ikkje hev kjennskap til dette instrumentet, kann det kanskje vera turvande å nemna at ho hev ingen skala, ingen vanlege tonetrinn. I staden greider trumba seg med ein kvervel, ei rund trilling og lyder mest som ein kjapp r på tungespissen som vedvarande rrrrrrrrr……… Denne trilling vert inndelt i rytme. Trilling og rytme tilsaman er det som grip åhøyrarane.
Det er reint høgtidsamare å høyra på ein kvikk marsj, endå høgtidsamare er ein revellje eller ein brudlaupsslått. Det er plent som alt myrkt og sorgsamt gløymest og sig burt. På det sorgtyngde sind har ho same verknad som kokain segjest hava på lekamen, berre med den skilnad at det kjem ingen reaksjon etter trombeslåtten. Det er soleis inkje under at trumba, serleg fyrr i tidi, då hermetisk musikk so som grammofon og anna surrogat var ukjende ting, var instrumentet som kunde skapa liv i laget.
I seinare tid brukar dei trumba mindre og mindre diverre. So vidt jeg veit er det no berre i Hordaland at ho er i hævd – og det endå til i nokre fåe bygder. At ”skikken” med trumba i brudlaup fell burt, kjem likevel ikkje av leidsla mot trumbespelet, men av di det er so sværande venskeleg å læra å spela godt, verre enn med andre instrument. Dei gamle trumbespelarane fell burt, og det kjem ingen nye til. Det skal stort tålmod og lang øving til vil ein nå noko resultat, og vår tid høver ikkje lenger for so umateriele ting som dugleik i trumbespel.
I vårt land er trumba gamal. Me veit soleis at pilegrimane nytta trumba på ferdene sine til Trondheim. Og då den norske heren vart uppatt-skipa i 1641, vann ho eit endå sterkare rom hjå folket, ho fekk liksom noko kongeleg pompøst yver seg då.
No hev ho truleg set sine beste dagar som ålment folkeinstrument. Glansbolken sin hadde ho truleg frametter til 1870-åri. I denne lange tidarbolken hadde ho vel innatt imillom både upp- og nedgangstider, so som med andre instrument (jeg tenkjer her nærmast på fela), og kring 1780-åri var ho so burtgløymd, at styresmaktene laut senda ut ein vandrelærar i trumbespel.
Både i Vestlands-, og Midlands- og Austlands-bygdene var trumba mykje umtykt i eldre tid.1 På Vestlandet var det ingi bygd som ikkje åtte sine trumbespelarar, og denne musikken var obligatorisk i dei ytre Hordalandsbygdene til uppimot 80-åri.
I vår tid er det mest berre i dei kravstore og drustelege brudlaup at dei lyt hava trumba med sume stader i Hordaland. Utan henne fær ikkje gildet sin rette dåm.
At det fyrr fants so mange tamburar som det no pålag er felespelarar, kom mykje av at trumbespelet var so populært. Beste trumbeslagaren var hævaste mannen.
Folkemusikken hadde ei leid tid i 1850-åri og nokre år framyver, då pietisma hadde si sterkaste makt yver folket. Felespelet var då halde for ”ugudeleg musikk”. Merkeleg nok gjekk trumba fri for åtak. Det ser meir ut som ho fekk ei renessansetid og vart framdregi reint demonstrativt. Ein skulde liksom visa fram musikk av det gode slaget, noko meir skuldlaust som det ikkje fylgde ”synd” med.
Som danseinstrument hev ikkje trumba vore noko i vinden; då lyt skalaen til, for det er vandt å dansa når ein ikkje hev anna enn rytme å retta seg etter. Likevel hev det då hendt at ho hev vore i bruk i dansestova. Nidaros-bispen Andres Arrebo vart 1622 avsett av herredagen i Bjørgvin fordi han hadde slege trumba til dans i brudlaup og gjestebod. Andres Arrebo er elles vel kjend hjå oss for sin vakre påskesalme: ”Um sæla og um gleda dei no skal syngja fridt.” (Nynorsk Salmebok nr. 282.) Ei tid etter fekk han prestekall i Danmark.
Det kann i denne samanheng nemnast noko um den rang trumba hadde i brudlaup. Fyrste mann var kjømeistar, so kom tambur, so spelemann, etterpå kom brudparet og so presten. Brudlaupsgjestene (med leigesveinar og bruregjentor) fylgde då like etter fylgjet.
Trumbemusikken er ikkje meir nedattkomen enn at han kann reisast att. Iminsto kunde det kveikja interessa um trumbeslagarane, som det enno finst nokre att av, held konsertar i ymse bygder. Desse konsertane måtte i so fall skipast som friluftskonsertar. Nokon kontingent for å lyda på vart ikkje å krevja. Kostnaden laut berast av trumbeslagaren sjølv saman med andre interessera som kunde leggja noko til so spelemannen ikkje arbeidde for ingen ting.

*
For hundrad år sidan var det skikk og bruk i Bjørgvin at alle trumbeslagarane nyårsdags fyremiddag gjekk trumbande gjenom gatone og gjorde si ”uppvarting” hjå Stadshauptmann, og frå honom gjekk turen til militærsjefane. Dette vekte stor åtgaum og gleda; men no er denne skikken avlagd, han høver ikkje i vår tid lenger. I gamal tid sette trumba liv og mod i folk, og desse paradane lagde sin serdåm yver nyårshelgi.

1 Nemnd 1723 i eit skrift ”Saa-Maata”, utgjeve av Nord- og Midthordlands Sogelag, 1923.

HMB_Uskedalen__Kvinnherad

Ei «tromba» frå Uskedalen (Foto: tambur Rolf K.Seldal)