Arne Björndal – Tromma — Trommespel og Trommeslåttar

Frå arkivet til Arne Björndals Samling, UiB.

Tromma.

Trommespel og Trommeslåttar

Av Arne Björndal.

 

Trongen til å gjeva uttrykk for hugsviv og kjenslor, ljod og læte, rörslor og rytme, er urgamal som manneætti sjölv, derved og primitiv musikkultur og dans. Og dette verka atter til at det vart laga ei mengd av meir eller mindre kravlause spelgogner, hövande for dei ulike folkeætter og tjoder, usiviliserte som kultiverte. Men millom dette mylder av musikkinstrument er det eitt som har vore sams for alle aldrar og folk: Tromma.

Trass i det at Mid-aust landi ikkje er ein lut av Europa, må me kor som er vedgå at denne luten av födesheimen var vogga til den moderne sivilisasjonen. Det er soleis her at me må ta til, ogso når det gjeld gransking av heimsens musikk- og danskultur.

Men det var her serleg tromma me skulde skriva litt om. Ikkje noko anna instrument er so ålkjendt og nytta all verdi over som dette instrumentet. Tromma er i hovudsak rekna på rytme og har soleis hatt sers mykje å seia for opphavet til og forming av folkedans av ymist slag: Prosesjonell dans, rituell dans og krigsdans og ymse slag side- og variantformer av dei.

I motsetnad til Mid-austen har tromma i Vest-Europa vorte nytta på ein heilt annan måte. Og det er eit forvitneleg og viktug faktum at tromma spela berre med hendene har vore ukjendt millom dei vest-europeiske nasjonar, iminsto ikkje praktisert. Men at dette måtte influera på dansen og musikken er sikkert nok.

Slik me kjenner tromma her, er ho ei omforming av den austenlendske Gourd og Drum. Her har ho alltid vorte slegi eller spela med tvo trommestokkar, og her har me grunnen til mindre innflökt rytme i dei vesteuropeiske folkedansane. Men i Noreg – so vidt me veit då – har tromma aldri vorte nytta til dans. Derimot har trommeslaging med stokkar vore praktisert både i det militære og som tradisjonell bygdesed og skikk.

Mange av trommeslagarane i brudlaup var oftast og militære korpstamburar. Men det fanst ogso ymse av dei som var meir profesjonelle brudlaupstamburar.

Frå langt attende var tromma like viss i brudlaup som fela. Det var ikkje halde for noko skikkeleg lag å vera der dette instrumentet vanta: «Da va ’kje fullferdigt utan at trumba var mæ.» Brudlaup utan tromma kalla dei «hundasjaund».

Blanda med felespel höyrdest trommebulder i brudlaupi, med ymse millomrom, frå gjestene kom til tuns til dei for att ferdadagen. Tromma var det som fyrst helsa gjestene velkomne brudlaupsaftan.

På ein passande haug ikkje langt ifrå brudehuset slo trommeslagaren Velkomeslåtten so det lydde langan leid og rettleidde dei komande om kvar dei kunne finna garden og tunet der brudlaupet skulde stå. Frå Tysnes har me ei regle som fortel kva Velkomeslåtten sa. Ja, for folk la ikkje berre fela, men tromma og «ord i munn». Og når slåtten skvaldra på det beste, sa han so tydeleg:

«Kjeme de, kjeme de, gött fölk, gött fölk, gött fölk.

Æ de ‘kje ferige, gött fölk, gött fölk, gött fölk.

Dradebard, dradebard, nettopp, nettopp.»

Brudlaupsdagen då laget drog til kyrkja, byttest spelemannen og trommeslagaren om å låta kvar si stund, fyrstnemnde med sine högtidelege brureslåttar og hin med öyrerivande trommespel. Og serleg galdt det om å spela greidt og högt når ein for framom gardar og grender, so bisnarane kunde bera heimatt godord både om spelemannen og tamburen. Difor livde korkje spelar eller trommar lokane sine i slike höve. Både var dei «embetsmenn» i brudlaup (attåt kjömeister og kokk), og lovord av ålmugen auka både vyrdnad og vinst.

I dei gamle stil- og skikkrike brudlaupi på bygdene fylgdest fela og tromma i alt det seremonielle i lagi, men ikkje alle stader like lenge, i sume bygdelag fram mot 1880-90, men i einskilde strok av Vestlandet fram mot fyrste fjordung av 1900.

Dei sa ikkje «å spela tromma», men «trommespel» og «trommeslått«. For brudlaupstamburen var det mykje omågjera å ha ein «tirlande fin kvervel» i slåttane sine. Kvervelen på tromma hadde om lag det same å seia som bogestroket for feleslåtten. Og for skuld festivitasen totte folk at båe instrument me her skriv om, var like naudsynte.

Då fela vart stempla som eit «djevelens redskab» og lyst i bann, vart tromma ikkje berre told, men var velsedd og velkomi i alle brudlaup: «I 1870-80-åri var det i sume grendelag ikkje brukt korkje spel eller dans i brudlaup. Einaste musikken som då vart told var trumma.»

Tradisjonelle slåttar var det for tromma som for fela. Velkomeslåtten har me alt nemnt. Men det var og ein Brureslått, ein Grautaslått og ein Jageslått. O ein sers mykje nytta og vriden slått for tromma var Sjuspringaren som òg er feleslått.

Sjuspringaren er ein svært gamal og serlaga slått, han höyrer til dei antike dansane og er fleire gonger nemnd i europeisk folkedans og folkemusikklitteratur. Sjuspringaren er ein prosesjonell form for eldre dans, og han har mange variantar spreidde i ymse europeiske land. Her hjå oss har han vore ein morosam og velsedd skodedans og serleg dansa som ei mesterpröve goddansarar imillom. Ein har sanka inn ein god del slåttevariantar höyrande denne dansen til, alle frå Vestlandet. Og det er også her Sjuspringardansen har halde seg lengst.

«Seven Springs«, som slåtten og dansen heiter på engelsk, er fleire stader omtala i engelsk litteratur.[i] Og som hjå oss, går slåtten i 2/4 eller 4/4 takt, trass i det at han er nemnd som springar (3/4 takt). Ein av sjuspringarslåttane skreiv eg i 1908 opp etter Ola Mosafinn, Voss. Denne varianten går i 2/4 takt.[ii] Me har og ei prenta form av same slåtten.[iii]

Sjuspringaren, som i Nordfjord er nemnd Sjumannshallingen, er no «en saga blodt». Han döydde ut so ikring siste hundradårsskiftet. Men ei tid var han ofte framförd i brudlaup og andre gaman lag. Det var ein dans som samstundes krov kraft, mjukleik og snögg leik, og det var eit reideleg karstak å dansa Sjuspringaren til gagns.

Som nemnt om Velkomeslåtten, sa tromma og noko når dei spelte Jageslåtten: «Når verten gjerne vilde ha ende på laget, men gjestene tura like godt, let han trommeslagaren slå Jageslåtten.» Tromma sa då:

«Trabrr-rabrr-rabrr. :/:Rappatappa, rappatappa, rappatappa:/: Gu’ gje rævo di va attestappa, attestappa.»

Ja, so sa tromma i Os.

Tromma kunde höyrast langt borte ifrå. Me har litterære fråsegner om det: «Dei slo trumma i Eikjefjordbygdi, det höyrdest no att fi Kvåli.»[iv]

I noko eldre tid var det ikkje so sprækt med spel i brudlaup og dans eller til tidtröyte. Dansen gjekk ofte berre til trall og sull, stev og rim, og meiningi på dette slag «dansespel» var tralleslåttar. Men ikkje alltid var det sopass heller, og det var ikkje so sjeldan at tromma kunde vera det einaste instrumentet i eit brudlaup: «Herpaa give de sig (ligesom tilforn er sagt om Fæsteröller ridende til Kyrkje med Skrigen og Allarm tilligemed en Trommrslager som ved alle Leiligheder i alle Gjestebuder fornöjer dem med fin Musik i Mangel af anden, thi deels have de sjeldan nogen anden Musik, og deels er det ingen Musik, som behager dem saa vel som Trommens.»[v]

Tromma og trommeslaging var sers verknadsfullt når ein ville vekkja brudlaupsgjestene andre dagen i laget, då dei fekk mat og skjenk frambore på sengi. Då sette tamburen til med Sjuspringaren, for han «fyllte tromma» so omframt godt. Og om ein var temmeleg tröytt og tung i hausen etter ei natt med drikking, sus og svir, måtte steinane vakna når tromma bråka og buldra på det hålaste, samstundes som spelemannen sette i for fullt med Nöringsslåtten. Og om tromma i sovorne höve er sagt: «Han slo so du kunde få ska i öyro.»

Som med fela, trudde sume òg at det måtte vera noko mystisk med tromma og musikken på henne: «Guro Nilsdotter Skattebu tala eit par gonger om at dei hadde trommemusikk frå dei underjordiske her på Vollbu» (i Valdres). Det fanst òg dei som sette tromma i samband med det religiöse: «Ho mor sa at det var eit symbol på den himmelske brudgom, når han kjem igjen.»

Frå Stord har me eit mykje gamalt stev mynta både på fela og tromma. Det er ei oppskrift av Torleiv Hannaas.[vi]

Trumbo: «Före fere eg med jömber o lam,

jömber o lam,

jömber o lam.»

Felo:   «Ette kjeme eg mæ næpo i hito,

næpo i hito,

næpo i hito.»

Hannaas skriv: «Trumbo og felo, Bruremars frå Stord.» Nei, det er nok ikkje ein bruremars som höyrer desse stevi til. Det er ei musikkform som ikkje kunde vera kjend her på det bil dei vart til. Det er stev til ein av våre aller eldste slåttar, hallingen Röysekatten.[vii] Hopehavet vårt med dei britiske öyane, Hjaltland og Orknöy, har ikkje berre påverka folkemålet der borte, men like eins og musikken. Og då eg året 1949 var på ei samlar- og granskarferd til desse gamle norske landnåm, fann eg m.a. ein forvitneleg variant av nemnde slått på öyi Midhjel. Og til slåtten var det ei segn som skulde vera frå ikring 1700-talet.

Tromma og spel på ho er ikkje so sjeldan nemnt i litteraturen vår, serleg i gamle viseprent som sviv om dans og spel i brudlaup.[viii] Og i «Daglig liv i Norden» nemner historikaren Troels-Lund tromma ofte. I vår eldste prenta folkevisa er tromma òg med.[ix] Johannes Skar omtalar ho i fleire av bökene sine.

Alt frå sogor om pilgrimsferder til Stiklestad er tromma nemnd. Straks folk höyrde tromma, kasta dei sine reiskap og hasta til den store stemna. Sidan har tromma vert nytta heilt fram til vår tid, og si glanstid hadde ho i fyrre hundradåret frå 1850-1890. Dette bilet var det sers gjævt å vera tambur og högt vart kunsti drivi.  Det vart verkeleg skapt musikk. Han var utspunnen på gamle tonetottar, helst brotstykke av framförd militærmusikk, men òg som eigne slåttedikt av dei mest gåverike trommeslagarane.

I visse bygdelag, mest vestpå i landet, måtte det vera tromma i kvart einaste brudlaup. Trommespelet gav ein viktug lut av högtidsdåmen. Når dei köyrde til kyrkja, sat tamburen i fremste kjerra og spelemannen litt lenger bak. I båt var trommeslagaren plassert i framskuten og spelemannen antan i bakskuten eller på same tofta som brudeparet. Serleg på sjöen klang ei god tromma, handtert av ein dugande tambur, fjetrande og festleg. I lett og klårt ver kunde ho höyrast ein fjordung veg og vel so det. Det var som med felemusikken skilnad på spelet og slåttane i dei ymse bygder. Der dei måtte fara sjövegs til kyrkje, slo dei leikar med lengre kvervlar. Det lydde då klarare for dei som var ein god mole ifrå. Inne i hus höver trommespelet mindre vel. Men det fanst òg slåttar som var rekna på innebruk. Ein Saluttslått var det òg.

Trommespelet var mykje spakare för, tempoet auka dei seinste åri tromma var i bruk. Og med slåttespelet på fela har det bore i same leid.

For ein brudlaupstambur var det, som för sagt, viktugt å ha ein «rund kvervel». Det krov både eit godt öyra og ein var rytmesans. God tame gjorde mykje, men ikkje alt. Det individuelle måtte atterspegla seg ogso i dette slag musikk. Ikkje alle hadde evna til å tolka sovorne tonar heller, og utan finare sans for trommespel kom ein ikkje langt her heller. Kunstnerisk best og tradisjonstrygt var dette slag bygdekultur der kunsti i mange ættled hadde gjenge frå far til son. Det var arv ein tok vare på og hegna om. Og meistarar i faget hadde mange læresveinar.

Trommeslåttane går oftast i 2/4 og 6/8-dels takt, men stundom og i 8/8 og 9/8. Andre taktartar er det og. I 6/8-dels takt får ein fram eit slag moll og dur på same slåtten berre ved å «byta stokkar». I dur markerar ein notane likt med både stokkane, men i moll har den eine overtaket.

Som spelemennene ofte laga felene sine sjölve, var tamburane og flinke til å laga trommer: «Even Olsen Volladalen i Fana laga trommene sine sjölv. Han grov dei ut av linnetre. Han hola dei ut or stomnen og rigga dei til med slagvelde av kalveskinn og stillestroppar av same slag skinn».

– – Men kvarhelst har no trommemusikken halde seg lengst her i landet? Ja, det er nok på Vestlandet det, nærmare sagt Hordaland med den » mörke kyststribe», og her atter i heradi lengst mot vest. Det var desse: Austevoll, Fjell og Sund, Fana, Os, Fusa med Hålandsdal og Strandvik, Samnanger og Kvinnherad, dertil Fitjar og Tysnes. Det er i desse bygdene at trommespelet i seinare tid har höyrt til dei gamle brudlaupsskikkane og har ått det rikaste tilfang av slåttar som höyrer tromma til. Det höver her å nemna namni på nokre av dei profesjonelle trommeslagarane i nemnde bygdelag.

Det syner seg at tamburen kunde vera like glad i tromma si som spelemannen i fela. At Per Spelemann bytte fela for ku veit me vel. Men det hende jamvel at tamburen gjorde noko liknande, iminsto so med Hans Olson Rudnes (Röen) i Samnanger f. 1771: «So högt hadde han huglagt denne musikken at han eingong selde ei bere ku og kjöpte ei trumba. Denne trumba kalla dei «Berekuno» sidan. Han var tambur i mange brudlaup rundt i bygdi.»

Hans Ivarson Lauvskard f. 1823, husmann under garden Lauvskard, var og ein dugande tambur, mykje nytta i brudlaup i Samnanger. Og Nils Lauvskard skriv om han: «Sjölv var eg med i eit brudlaup der han var tambur i 1894. Eg trur snaudt eg hev höyrt rundare og finare kvervel enn den han slog.»

I Hålandsdal har det vore sers mange dugande tamburar, ikring 12-15 stykke i alt. Det var Nils Berland, Hans Holdhus, Anders og Knut Eide og son til Knut. Like eins Engel Bolstad, Anders H. Bolstad o.fl.: «Dei var so svære på desse «virvelslåttane», sere brudlaupsslåttar med ei mengd kverveltak. Og dei hadde visse slåttar til dei ymse skikkane.»  På Fusa var det Torkjell Foer, Lars Husavikjo og Hans Storli og andre, og i Strandvik desse: Torbjörn Håvik, Lars Schåtun, Ingebrigt Motröen, Stein Sælsvoll o.a.

Kjem me til Os, var det m.a. Nils Engelsen, Torkjell Skeie og Lars Berge. Ein må og nemna Nils N. Holo som budde på Holo ein plass under Lysekloster. Han var trommeslagar på ein jonsokleik som Ole Bull skipa til på Lysehornet jonsokaftan 1872.

Profesjonelle tamburar hadde dei fleire av ogso i Sund, soleis Baste Telle og Elias Höyland. Og millom dei fremste på Tysnes finn me Fredrik Uggdal og Jon Vinsjansen.

Fitjarbuen totte og mun i tromma. Og den eldste tamburen me veit om der, var Lars i Gloppo. som var utkommandert i krigen 1807 – 1814. Hans Hoff var og velkjend eit bil, like eins Trombe-Lars’n på Hufteren.

I Kvinnherad er serleg å nemna Peder Bakka i Mauranger som vart 98 år gamal og som döydde for om lag tretti år sidan. Nemnast bör like eins Johannes Sandvik og Svale Skjelnes, Varaldsöy.

Fanabuen sette og pris på den stemning som godt trommespel kunde skapa i eit brudlaup. Men det var helst osingar som sytte for dette slags musikk i Fana, og den trommeslagaren som mest var nytta der, var Even Olsen Drange frå Os, f. ikring 1830 og d. om lag 1886. Even Drange var og mykje nytta i Fjell og Sund.

I Fjell hadde dei flust med slike som slo tromma. Det var Ola Nilsen Bildöy, Gudmund Foldenes, Lars Pålson Knapskog, Ola Olson Straume og Ola Gaaten, Grim Hagenes og Lars Kaldestad.

Lenger nord i Hordaland var tromma nytta lenge frametter, i Herdla og Manger. Soleis var det og i ytre Sogn og ytre Sunnfjord. Men noko langt attende var ho vanleg i dei indre luter av desse bygdelagi med.

Trommespelet skiftar ikkje tonane opp eller ned på notesystemet. Dei ligg konstant på tonehögd einstroken c. Og samanlikna med spel på fela, vert det som ei fargeteikning medan trommeslåtter ter seg nærmast som svart-kvitt eller som song mot resitasjon.

Sume seier gjerne at den norske bondekulturen er einfeld og fatig. Men har ein hatt höve til å sökja til botnen i slike ting, ser man snart at det finst mykje forvitneleg og verdfullt, mangslunge og rikt, og alt atterspeglande folket i draum og dikt, skapartrong og skapargleda.

Me kan ikkje enda dette oppsettet utan sert å nemna ein mann me skuldar takk og æra av di han berga ein god lut av dei kulturleivdene me her har fortalt om. Det er Johannes Sundvor som sjölv var ein omframt dugande trommeslagar og skreiv opp og samla inn millom 40-50 tradisjonelle trommeslåttar. Sundvor var oppglödd for denne sergreini av vår kulturarv. Ved foredrag og spel i Norsk Rikskringkasting og elles gjorde han mykje til at tromma og trommeslåttane vart vida kjende. Og i musikksamlingi ved Universitetsbiblioteket i Bergen har me nokre av dei beste trommeslåttane hans innspela på grammofon.

[i] Lawson, Joan: European Folk Dance. Its National and Musikal Characteristics. London 1959, s. 119 og 123.

[ii] Musikkmanuskript nr. 1537, Universitetsbiblioteket  i Bergen.

[iii] Norsk Folkemusikk. Hardingfeleslåttar. Band II, 1959, nr.87 s.6x.

[iv] Bugge II s 115, Norsk Folkeminnesamling, Universitetsbiblioteket, Oslo.

[v] Topgrafisk Journal for Norge B.7 s. 45. Beskrivelse af Setesdal i Christiansands Stift, forfattet af Rejerius Gjelleböl, prest i Valle 1780.

[vi] N. F. Torleiv Hannaas 452. 72. Universitetet i Bergen.

[vii] Arne Björndal: Gamle slaattar H. 5, nr. 4.

[viii] Gamle bygdemålsprent fyre 1800. Ved Olaf Hanssen. Serprent av «Noreg» 1927-1929.

[ix] Rabnabrudlaup i Kraakelund, Köbenhavn 1647.