Styret i NTLT i 2019:
Leiar: John Ivar Knutzen
Kasserar: Henriette Øfstedal Kolset
Skrivar: Anders Kristiansen
Styremedlem: Carl Haakon Waadeland
Tamburkveld i Trondheim 15. oktober 2019
Vi hadde tamburkveld i kantina på konservatoriet i sjette etasje i Olavskvartalet. Vi spelte tre slåttar i plenum: Mehuskvervelen, Reksolinks etter Klette, Hammarhaug, Refsdal, og To slåtter etter Elias Høyland. Denne kvelden hadde vi storfint besøk av både meistertambur Ben. Nordby, som fortalte om, og demonstrerte norsk marsjtradisjon. Fra Østerrike var dessutan David Panzl til stades, og demonstrerte den østerikske tradisjonen. Det er påfallende mange likskap mellom dei to tradisjonane.
Tamburkveld med påfølgjande årsfest 18. januar 2019
Vi hadde tamburkveld og årsfest i Luftforsvarets musikkorps kantine på Byscena. Carl Haakon spelte ein velkomstslått (Mehuskvervelen). John Ivar gjekk gjennom «Norske rudimenter», som han har kompilert frå tre forskjellige kjelder. Carl Haakon demonstrerte korleis ein kan leike seg med ulike takter og underdelinger i Bryllupsslått frå Hålandsdalen. Vi gjekk gjennom Den norske revelja i dur i plenum.
Følgjande gjekk opp til tamburprøva:
Thomas Kristiansen
Bjørn Håvard Bakken
Båe blei godkjende.
Tamburkveld i Trondheim 1. oktober 2018
Lokallauget blei stifta. I anledning dagen var Ben. Nordby til stades på Byscena i Trondheim. John Ivar Knutzen og Anders Kristiansen blei godkjend som meistertamburar, og Knutzen blei valt som leiar for lokalavdelinga.