Vedtekter

Pr. 8. mars 2021

Mål:

§ I: Noregs tamburlaug (stifta 6.2.2011) har som føremål å fremje og bevare den norske trommeslåttradisjonen.

Laugsverksemd:

§ 2:

2.1 Lauget skal vera pådrivar for at det vert arrangert seminar og drive opplæringsarbeid gjennom kurs/seminar. Dette bør skje minst ein gang i halvåret.

2.2 Lauget skal primært vera eit forum for å ta opp spørsmål som kan fremje arbeidet med dei norske folkemusikk- og militærtradisjonane, med vekt på slåttetromme. I tillegg kan lauget ha blikket vend ut mot tilsvarande tradisjonar i andre land, som Sveits, USA, Skottland etc., for å lære meir om vår felles historikk. Lauget kan også oppmuntre til å vidareutvikle og modernisere tradisjonane, og å bruke dei på nye måtar.

2.3 Lauget skal halde minimum eit styremøte pr. halvår.

2.4 Lauget skal kunne sertifisere tamburer og meistertamburer. Styret oppnevner ein jury, som skal vere leidd av ein meistertambur. Styret utarbeider eigne retningslinjer for gjennomføringen av tamburprøven. Ein må vere medlem i lauget for å kunne titulere seg som Tambur NTL eller Meistertambur NTL. Ved utmelding mister ein tittelen, men ved innmelding igjen vil medlemmen få tilbake tittelen utan ny prøve.

2.5 Lauget skal vera pådrivar for at det vert arrangert lokale tamburmøter og andre aktivitetar.

Tilknyting:

§ 3: Lauget er ein frittståande organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret.

Styret:

§ 4: Styret skal vera samansett av fire faste medlemmer. Styremedlemmene blir valde for to år av gongen. Kvart år er to medlemmer på val, slik at me oppnår overlapping ved kvart val. Det skal også velgast 2 setjemedlemmer til styret for 1 år. Det veljast 1 revisor for 1 år. Styret konstituerer seg sjølv og vel leiar på eigenhand.

Lokale avdelingar har ikkje styre, men råd med fleksibel utforming. Råda har ansvar for å arrangere lokale møter, og svarer til styret.

Årsmøtet:

§ 5: Årsmøtet er Noregs tamburlaugs høgste instans. Årsmøtet skal haldas kvart år innan utgongen av mars. Alle saker som skal avgjerast her, må vere oppførde på sakslista. Denne skal gjerast kjent for laugets medlemmer gjennom rundskriv seinast 2 veker før møtet vert halde. Forslag til saker på årsmøtet må vere styret i hende seinast 3 veker før møtet, og dato for årsmøtet må vere kunngjort medlemmene minst 1 veke før denne fristen. Alle som har vært medlem i minst 3 månader og har betalt årets medlemskontingent har
stemmerett på årsmøtet. Årsmøtet behandlar forslag til årsmelding frå styret og regnskap for siste rekneskapsår. Dei faste styremedlemmene har ikkje stemmerett på godkjenning av reknskap og årsrapport. Vidare vedtar årsmøtet rammebudsjett for det komande året. Medlemskontingent fastsettes også av årsmøtet. Vedtektsendringar vedtas av årsmøtet med 3/4 fleirtal. Årsmøtet setter ned ei valnemnd på 2 medlemmer som kjem med forslag til nye tillitsfolk i lauget.

Ekstraordinært årsmøte:

§ 6: Ekstraordinært årsmøte skal haldast dersom styret finn det naudsynt eller dersom minst 1/3 av medlemmene krev dette.

Medlemmer:

§ 7: Medlemmer må ha betalt kontingent for å ha stemmerett i årsmøtet, og tilgang til Dropbox-mappene, men alle aktivitetar (tamburkveldar etc.) lyt vere åpent for alle, medlemmer eller ikkje. På arrangementer der lauget tek inngangspengar, kan ein setja ein høgare pris for ikkje-medlemmer.

Heidersmedlemmer:

§ 8: Styret kan utpeika heidersmedlem av Noregs tamburlaug. Dette skal vere personar som gjennom lengre tid har arbeidet godt for lauget, eller som aktivt har delt av si kunne om den norske trommeslåttradisjonen. Heidersmedlemmene får gratis livslangt medlemskap i organisasjonen.

Oppløysing:

§ 9: Lauget kan berre oppløysast av årsmøtet med minst 3/4 fleirtal, og ikkje dersom minst 5 medlemmer går mot dette. Dersom lauget vert oppløyst skal laugets midlar og eigedom tilfalle ein likeretta norsk organisasjon eller institusjon etter vedtak av årsmøtet.