Stiftingsprotokoll

Den 6. februar 2011 vart stiftingsmøte for Noregs Tamburlaug halde på Griegakademiet i Bergen.
Til stades frå interimsstyret var:
Ingar Ben Nordby
Rolf Kristoffer Seldal
Snorre Svenningsen
Sindre Sætre
Aleksander Raknes Ulriksen
Gaute Drange Vee

I tillegg til interimsstyret var der 5 stemmeberettigede tilstade.

Til saman vart der 11 stemmeberettigede.

Utkast til sakliste vart utsendt saman med innkalling og utkast til vedtekter.

Saklista lydde:

Sak 1. Konstituering
1.1 Val av referent
1.2 Val av møteleiar
1.3 Val av 2 stk. til redaksjonskomité
1.4 Val av 2 stk. til tellekorps
Sak 2. Målform og namn
Sak 3. Styresamansetning
Sak. 4. Verksemd og frekvens
Sak 5. Heimesider og/eller medlemsblad
Sak 6. Medlemskontingent
Sak 7. Vedtekter
Sak 8. Heidersmedlem
Sak 9. Val
5.1 Val av leiar
5.2 Val av 3 styremedlemmer
5.3 Val av 2 setjemedlemmer
5.4 Val av Revisor
5.5 Val av redaktør for heimeside
5.6 Val av redaktør til medlemsbladet Tamburen
5.7 Val av valnemnd

Innkallinga og sakslista vart godkjent.

Sak 1. Konstituering
1.1 Val av referent
Interimstyret foreslår Aleksander Raknes Ulriksen
Vedtak: Aleksander Raknes Ulriksen blei valt som referent
1.2 Val av møteleiar
Interimstyret foreslår Rolf K. Seldal
Vedtak: Rolf K. Seldal blei valt som møteleiar
1.3 Val av 2 stk. til redaksjonskomité
Interimstyret foreslår Snorre Svenningsen og Gaute Drange Vee
Vedtak: Snorre Svenningsen og Gaute Drange Vee blei valt til redaksjonskomité
1.4 Val av 2 stk. til tellekorps
Interimstyret foreslår Ben Nordby og Sindre Sætre
Vedtak: Ingar Ben Nordby og Sindre Sætre blei valt til tellekorps

Sak 2. Målform og namn
2a: Interimstyret foreslår at organisasjonens namn skal vera Noregs tamburlaug.
Vedtak: Det vart samrøystes vedteke at organisasjonens namn skal vera Noregs Tamburlaug.

2b: Interimstyret foreslår at organisasjonens målform skal vera nynorsk
Vedtak: Det vart vedteke at organisasjonens målform skal vera nynorsk.
Sak 3. Styresamansetning
Interimstyret foreslår at styret skal vere samansatt av leiar og 3 faste medlemmer. Leiar vert valt av årsmøtet for 1 år. Styremedlemmene veljast for 2 år, slik at minimum ei av dei er på val kvart år. Det skal også veljast 2 setjemedlemmer til styret. Det veljast 1 revisor for 1 år. Styret konstituerer seg sjølv.

Vedtak: Styresamansetninga vart samrøystes vedteke.
Sak. 4. Verksemd og frekvens
Saka blei diskutert og det dukka opp eit nytt forslag: f) Vera pådrivar for at det vert oppretta og oppretthalde lokallaug.
a) Punkt a) vart samrøysta vedteke.
b) Punkt b) vart samrøysta vedteke.
c) Punkt c) blei strøket.
d) Det blei diskutert og lagt fram nye forslag: Alternativ 1: Stryke heile punktet, alt. 2: Ha minimum 1 styremøte i halvåret og alt. 3: ha minimum 2 styremøter i året. Alt 1 vart strøket og det vart stemt over alt. 2 og 3. Det vart fleirtal for alternativ 2.
Vedtak: Det vart vedteke at det skal haldas minimum 1 styremøte i halvåret.
e) Det varte forslag om å stryke punkt e). Det vart samrøysta vedteke at punktet skal behaldas. Vidare vart det stemt over om man bare skal ha tamburer eller både tamburer og meistertamburer. Det var 2 stemmer for bare tamburer og 9 stemmer for både tamburer og meistertamburer. Det vart vedteke med fleirtal å ha både tamburer og meistertamburer. Vidare vart det ei avstemming om opptaksprøve. Det kom eit nytt forslag til opptaksprøve til meistertambur om å kunne beherske 3 slåtter i forskjellige dansetakter.
Avstemminga om opptaksprøve til tamburprøve vart samrøysta vedteke.
Vidare vart det ei avstemming om opptaksprøve til meistertambur. 2 personar stemte for det gamle forslaget med “Sjuspringen”, 8 personar stemte for det nye forslaget og 1 person stemte blankt. Det vart vedteke at opptaksprøven til meistertambur skal vera å kunne beherske 3 slåtter i forskjellige dansetakter.
Siste del av punktet vart samrøysta vedteke.
f) Punkt f) vart samrøysta vedteke.
På dette tidspunkt var ein av dei stemmeberettigede gått og talet på stemmeberettigede vart då 10.

Sak 5. Heimesider og/eller medlemsblad
Interimstyret trakk forslaget om å ha eit medlemsblad etter forslag om å gi ut all informasjon på heimesida til lauget.
Vedtak: Det vart samrøysta vedteke at organisasjonen skal ha heimesider.
Sak 6. Medlemskontingent
Interimsstyret trakk forslaget om 100 kr som medlemskontingent. Det kom eitt nytt forslag på 250 kr.
Vedtak: Det vart samrøysta vedteke at medlemskontingenten vert 250 kr.
Sak 7. Heidersmedlem
Interimstyret foreslår at Eirik Sundvor vert tildelt tittelen heidersmedlem i Noregs tamburlaug med tilhøyrande livsvarig gratis medlemsskap.
Vedtak: Det vart samrøysta vedteke at Eirik Sundvor vert heidersmedlem.
På dette tidspunkt var ein av dei stemmeberettigede gått og talet på stemmeberettigede vart då 9.

Sak 8. Vedtekter
Alle vedtektene vart samrøysta vedteke med dei endringane som vart gjort tidlegare.

Sak 9. Val
5.1 Val av leiar.
Rolf K. Seldal vart foreslått som leiar.
Vedtak: Rolf K. Seldal vart samrøysta vedteke som leiar.

5.2 Val av 3 styremedlemmer.
Ingar Ben Nordy, Aleksander Raknes Ulriksen og Gaute Drange Vee vart føreslegne som styremedlemmer.
Vedtak: Alle forslag vart samrøysta vedteke.

5.3 Val av 2 setjemedlemmer.
Snorre Svenningsen og Birger Mistereggen vart føreslegne som setjemedlemmer.
Vedtak: Begge vart samrøysta vedteke.

5.4 Val av Revisor.
Jørgen Oseland vart foreslått som revisor.
Vedtak: Jørgen Oseland vart samrøysta vedteke som revisor.

5.5 Val av redaktør for heimeside.
Arne Hammer vart foreslått som redaktør for heimeside.
Vedtak: Arne Hammer vart samrøysta vedteke som redaktør for heimesida.

5.6 Val av redaktør til medlemsbladet Tamburen. Utgår
5.7 Val av valnemnd.
Trond Dale og Carl Haakon Waadeland vart føreslegne som valnemnd.
Vedtak: Trond Dale og Carl Haakon Waadeland vart samrøysta vedteke som valnemnd.
Protokollen vart underskriven av leiar Rolf K. Seldal på vegne av styret i Noregs Tamburlaug.